lørdag, desember 15, 2007

Å jul me din glede...

Frå gamle dagar har det vore sagt at jula er kos, forventning og glede. Men en ser meir og meir tendensane til at jula blir meir og meir stress, kav, mas og økonomiske tap...e det dette vi vil?? Er det so viktig for oss å kjøpe dyre gåver og få alt til å sjå perfekt ut utad, at vi gløyme det jula egentli står for..nemlig avslapping og kos me dei vi e gla i? Eg kjenne at eg bli stressa av å høyre folk snakke om alt dei ska kjøpe og ordne til jul. Dei må vaske, lage måånge julekake, kjøpe gåve til stort og smått...gjerne dyre gåver..og ikkje minst; dei har ikkje en gong tid til å sette seg ned å ta en kopp gløgg eller ete ei pepperkake når dei hentar ungane sine i barnehagen, for dei har so mykje dei må rekke over. Gløyme vi at jula først og fremst e ungane si høgtid? At vi må passe på å gje ungane den gode følelsen av forventning og glede? Eg syns vi alle bør skjerpe oss litt.. Eg e nukk ikkje perfekt sjøl..men eg prøva iallfall å ta meg tid te å kose meg me det eg gjere..å heller kutte ut å vaske veggar og tak, sia eg kjenne at eg faktisk ikkje har overskudd te det..og at eg ha mykje meir lyst å berre sete i en stol å nyte lyden av "Deilig er jorden". Jul blir det uansett! Klart eg skjønnar dei som har en stor familie, og som ve at alt ska vere sånn som det brukar å vere, og fordi dei trur at alle forventar at sånn må det vere for at det skal bli jul. Men vi e nødt til å gå litt i oss sjøl...å kjenne ette om alt faktisk e nødvendig, og om vi kanskje heller burde bruke litt meir tid på å nyte adventstida ilag me familien, og ikkje stresse sånn. Vi bør passe på at alle ungane får følelsen av å glede seg te jul, og skape forundring over det som skal skje..og ikkje minst ta oss til te å nyte blikket te den lisje guten på 4 år som lyse opp når han ser julenissen eller juletreet. Det e ditte som e jul! Og det må vi passe på å ta vare på!