lørdag, mars 15, 2008

God påske folkens!!

Det e FERIE!! Det e deili å vete at no ha eg 10 långe daga der eg kan slappe av, vere me familien, feste atme venna og kose meg atme na Henrik! :-) Jeeei!! Vi reise te Hånndalen på måndag, og bli der heile dinne påska. Ska ta me småsøskena på ski, håpe der e nukk snøv te å renne på akebrett, so ska vi på setra på skjærtorsdag å gå på ski frå hytte te hytte me alkohol i sekken :-) Det va knallbra i fjor..so d bli nukk knallbra i år igjen! Åsso ska vi kose oss me påskeegg! Noke anna eg gleda meg te e å sette dei nye "skibøylane" våre på bilen.. Vi ha fått oss noken kjempekule skibøyla, som blir festa med magneta te biltaket...ja...eg sa magneta! :-) Å det ser rett å slett ut som om vi ha sett to store handtak midt oppå taket. Hehe...det ser utruli arti ut! Men det e no utruli praktisk, for no sleppe vi å ha skina inn i den långe bilen vår. Det tok litt plass kan en sei..

lørdag, desember 15, 2007

Å jul me din glede...

Frå gamle dagar har det vore sagt at jula er kos, forventning og glede. Men en ser meir og meir tendensane til at jula blir meir og meir stress, kav, mas og økonomiske tap...e det dette vi vil?? Er det so viktig for oss å kjøpe dyre gåver og få alt til å sjå perfekt ut utad, at vi gløyme det jula egentli står for..nemlig avslapping og kos me dei vi e gla i? Eg kjenne at eg bli stressa av å høyre folk snakke om alt dei ska kjøpe og ordne til jul. Dei må vaske, lage måånge julekake, kjøpe gåve til stort og smått...gjerne dyre gåver..og ikkje minst; dei har ikkje en gong tid til å sette seg ned å ta en kopp gløgg eller ete ei pepperkake når dei hentar ungane sine i barnehagen, for dei har so mykje dei må rekke over. Gløyme vi at jula først og fremst e ungane si høgtid? At vi må passe på å gje ungane den gode følelsen av forventning og glede? Eg syns vi alle bør skjerpe oss litt.. Eg e nukk ikkje perfekt sjøl..men eg prøva iallfall å ta meg tid te å kose meg me det eg gjere..å heller kutte ut å vaske veggar og tak, sia eg kjenne at eg faktisk ikkje har overskudd te det..og at eg ha mykje meir lyst å berre sete i en stol å nyte lyden av "Deilig er jorden". Jul blir det uansett! Klart eg skjønnar dei som har en stor familie, og som ve at alt ska vere sånn som det brukar å vere, og fordi dei trur at alle forventar at sånn må det vere for at det skal bli jul. Men vi e nødt til å gå litt i oss sjøl...å kjenne ette om alt faktisk e nødvendig, og om vi kanskje heller burde bruke litt meir tid på å nyte adventstida ilag me familien, og ikkje stresse sånn. Vi bør passe på at alle ungane får følelsen av å glede seg te jul, og skape forundring over det som skal skje..og ikkje minst ta oss til te å nyte blikket te den lisje guten på 4 år som lyse opp når han ser julenissen eller juletreet. Det e ditte som e jul! Og det må vi passe på å ta vare på!


onsdag, september 05, 2007

Det å lengte...

Det å lengte etter noke eller noken kan vere ei forferdelig oppleving...men og ei fantastisk oppleving! Det e utrulig godt å kjenne på den følelsen av at du saknar noke, det er nesten som om noke manglar i livet ditt for en liten periode. Akkurat no e Henrik på Island..han ha berre vore der i 2 døgn, so saknet ekje so altfor stort endå, men eg kjenne allereie no kor utrulig godt det faktisk er å ha han her. Det same gjelde familien min, no ha eg budd i Bergen i faktisk over 6 år. Men (heldigvis) lengta eg ofte heimatt. Det e so månge små ting som e so fantastisk me å vere heime me ne mamma og na pappa. For eksempel det å våkne kvar laurdagsmorning te pappa sin nydelige kakao, eller det å våkne av at små, nakne føte springe/trampa over golvet i stova sånn at det e umulig å sove, eller det å sjå mamma sitt fjes lyse opp nå vi glefsa i oss all den gode maten hon laga, eller det at Rasmus kan kome å gje meg verdens beste klem å seie at han e gla i meg, eller at Regine å eg kan kose oss me en hamburger og en film og ha jenteprat atme mamma, eller at noken seie at Rita lignar på meg (det e lov å bli stolt då...for hon e flott!), eller at Roar og Reidar vekke meg me å hoppe oppi senga mi kl 9 om morningen, eller det at vi kan brenne bål rett bak huset å høyre bålet knitre...eller rett å slett det å ete middag alle ilag å høyre mamma klage over at bordet e litt for lite, eller at Regine og Rita småkrangla..og at Rasmus gira opp Roar so det bli umulig å få et rolig måltid, eller Reidar sine gullkorn som alltid kjeme når det passa best. Det e berre en fantastisk familie eg har, å det e eg kjempestolt av!! Eg lengta heimatt heile tida..men sia eg ha det so bra her, å so månge eg e gla i her og, so går det flott. Eg bør vel tenke på meg sjøl som utruli priviligert, sia eg ha to plassa eg kalla HEIM. Henrik sin familie e og fantastisk..å eg sette utrulig stor pris på å få vere en del av den! Kan vel berre sei at eg e superfornøgd me min stadig voksande familie!! Akkurat no lengta eg ette Henrik og...men eg ha det so bra at eg kan kje tillate meg sjøl å klage på noke som helst!! Eg e utruli gla i dokke allje som betyr mest for meg i heile verden!!!

lørdag, september 01, 2007

Ha nesten heilt gløymt bloggen eg...I`m back now!!!

Hola!!! No e det jammen lenge sia eg ha skreve her ja..no ska eg skjerpe meg litt ja! Sommaren ha vore kort og me svært små glimt av sol...men eg va no heime noken veke å berre ferierte! Kosli! Åsso va eg forlovar i bryllaupet te Anette og Loyd, det va en opplevelse! Kjempeflott bryllaup og en fantastisk dag!! Gjekk greitt å bjønde på jobb igjen...sjøl om eg godt kunne ha hatt mykje lenger ferie. No e vi faktisk komt heilt te september...skremmande kor fort tida går...Føle meg nesten litt gammal når eg seie det..


No e det to daga te min kjære reise frå meg i 6(!!!) veke...han ska te Island på utveksling. Kjempeopplevelse for han..å sia eg faktisk ska opp å besøke han ette 3 veke so gleda eg meg veldi! Tida kjeme nukk te å gå fort..må berre finne kjekke folk som kan underholde meg litt mens han e vekke:-) So det ska nukk ordne seg!


Ellers må alle ha ei flotte helg!!

søndag, april 01, 2007

Det e vår!!

No ha det vore strålande sol i Bergen i over ei veke! Det e utruli flott..plutselig huska eg koffor eg syns Bergen e en nydelig by å bu i..her e no so fint i sola :-) Å det å jobbe i barnehage e og utruli mykje kjekkare når d e fint veir ute..alt bli so mykje lettare. Merkelig..men vi ha uutruli godt av litt sol!! No håpe eg berre at det helde seg te eg ska heimatt i påska..d e berre to daga igjen te vi køyre oppover no..å når eg ser på veirmeldingane ser det en smule grått ut..MEN eg e evig optimist..so det bli nukk ei strålande påske!!

Ellers ha eg det veldi bra..ha vore mykje stress på jobb me skyhøgt sjukefråvær siste mnd..men det kjeme seg..ting ordna seg etterkvart! No ser eg berre fram te en flotte vår..min første vår UTEN eksamenslesing!! Det e heilt nyydeli! Eg sakna av og te studenttilværelsen..men ikkje akkurat i april og mai.. Men eg ve no ønske alle vennane mine som fremdeles e studenta..LYKKE TIL på eksamen! Hehe..åsso ler eg me en lettare ond latter..mohhahaha..

Ellers..GOD PÅSKE folkens!! Slapp av og nyt det!!

Stor påskeklem frå meg..

søndag, november 12, 2006

Flytting, jobb og København!

Livet mitt ha i det siste egentli dreia seg om å flytte..kome på plass i ny leilighet..vere på jobb og litt møte å sånn..åsso ha eg vore te København på tur ilag me Nunne!!
Eg og Henrik ha altso flytta lenger oppå fjellet i Bergen..nærmare bestemt opp mot Starefossen..so no ha vi endeli kjempeflotte utsikt!! Eg blir bergtatt kvar einaste mårning når eg våkna å ser ut av glaset! So vi e veldi fornøgde! Berre å kome på besøk folkens!!
På jobb går det veldi bra..ha vore litt stress med både foreldremøte, medarbeidersamtale og forskjellige rapporta..men det e utfordrande og kjekt..so då takla eg det!

Turen te København va kjempebra! Eg og Nunne shoppa, va ekte turista som såg på slott og gjekk på museum og va ute å sjekka livet i byen om kveldane! Fekk oss et nytt favoritt-band og..dei e svenske og heite By Heart! Vi ha tru på at dei kjeme te å bli veldi store!! Superflinke folk!! So no ha eg sagt det..so får vi vente å sjå kor lenge det går før dei blir kjende..
Nedafor e bilde av Nunne og verdens høgaste mann..meg å en gulltiss som va utstilt på Erotisk Museum..veldi arti museum for øvrig..åsso bilde av meg i hagen te kongen..iallfall i en slottspark..



onsdag, november 08, 2006

Lite tilgang til nett for tida..

Ja..eg e i live..veldi lenge sia eg ha skreve her no..men d ha si naturlige forklaring.. Vi ha nemlig flytta..å i den nye leiligheta hakje vi fått internett endå..det ska vere på plass i løpet av et par veke :-) Vi ha flytta lenger oppover fjellet..opp forbi Skansemyren, mot Starefossen. Veldi flott leilighet..ikkje so mykje større enn den vi hadde før..men me nyydeli utsikt..og lyst og fint! Stortrivast! Ellers e d mykje å gjere på jobb for tida..so eg kjeme sterkare tebake å skrive meir snart! Ha en fortsatt flotte dag!!